Trygt heim er eit nattbusstilbod i distrikta for deg mellom 16–24 år. På bussen er det plassgaranti for deg i denne aldersgruppa, men også andre kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass.Her finn du Trygt heim-ruter:Bømlo/Stord- Leirvik-Svortland-Langevåg (linje 800)- Leirvik-Moster (linje 800)- Svortland-Moster (linje 554)- Svortland-Langevåg (linje 552)Kvinnherad- Rosendal-Husnes-Utåker (linje 760) - Utåker-Husnes-Rosendal-Løfallstrand (linje 760) Voss/Granvin/Ulvik- Voss stasjon-Granvin (linje 925)- Voss stasjon-Vinje-Stalheim (linje 950/964)- Voss stasjon-Granvin-Ulvik-Hjeltnes (linje 945)- Holbergplass-Bolstadøyri (linje 950)- Voss stasjon-Dalsleitet (linje 951)Det blir óg sett opp ekstraruter i samband med diverse ungdomsarrangement.Trygt heim-rutene blir kjørt av lokale selskap som nyttar både bussar, maxitaxiar og ordinære taxiar. UngdomSkyss kan nyttast som betaling på alle transportmidlane. For deg under 25 år er prisen kr. 50,- dersom du ikkje har UngdomSkyss. Vanleg nattakst gjeld på bussane for deg som er over 25 år. På maxitaxiar og ordinære taxiar er prisen kr 70,- for deg over 25 år uansett reisestrekning. Det er gratis overgang frå/til Trygt heim-rutene. Rutene følgjer dei ordinære busstraseane og stoppar bare på stoppestadene.Trygt heim i Voss er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Funksjonshemma kan bli henta og brakt inntil 3 km frå rutetraseane. Send gjerne ris, ros eller tips til betring av Trygt heim-tilbodet her