Korleis bruke Android applikasjonen?

Du kan velje mellom å finne nærmaste haldeplass, vise haldeplassar i kart eller nytta reiseplanleggaren. Hugs å sette på GPS og mobilt/trådløst nettverk.

I nærheten:
”I nærheten” viser ein liste over haldeplassar og anløpssteder i området kor du er i. Klikkar du på ein av oppføringane i lista vil du få ein oversikt over dei neste avgangane frå den aktuelle haldeplassen. Klikkar du så på kartsymbolet vil du få opp eit kart som viser den aktuelle haldeplassen i forhold til din lokasjon.

Kart:
”Kart” inneheld ein oversikt over alle haldeplassane og anløpsstedene langs rutene våre. Du kan zoome og bevege kartet i hvilken retning du vil. Kartet viser òg kor du er. Klikkar du på eit av haldeplasskilta får du opp namnet på stoppestaden. Klikkar du så på pilen får du opp dei neste avgangane frå det valte anløpsstedet.

Sist brukte:
”Sist brukte” viser ein liste over alle haldeplassane og linjene du har klikket innom den siste tida. Slår du ofte opp på same strekning vil den ligge i denne lista og fungerer som ein snarveg slik at du slepp å slå den opp via reiseplanleggaren kvar gang.

Reiseplanlegger:
”Reiseplanleggeren” inneheld ein planleggar kor du kan planlegge reisa di. Du kan planlegge reisa ut frå ein gitt adresse, ut frå eit haldeplassnavn eller ut frå eit busstopp valt i kartet. Du veljar også starttidspunkt for reisa. Etter at du har fylt ut feltane trykker du ”søk”. Du kan så klikke på resultata som kommer opp for å få ein detaljert plan for reisa. Klikkar du deg vidare via kart-knappen vil heile traseen vises i kartet.

Laste ned:
Du kan laste ned applikasjonen ved å søke på "Skyss" i Android Market. Vel så Skyss Reiseplanlegger og start nedlastingen. Eller du kan bruke følgjande QR-kode:



Du treng ein QR scanner som òg kan lastast ned gratis frå Android Market. QR Droid eller Barcode Scanner er gode gratis alternativ.

Klikk her for link til Android Market

Vi håper reiseplanleggaren vil vere til god hjelp for deg når du skal ut og reise, og at du ønskjer å utforske den vidare. Kontakt oss gjerne på kunde@skyss.no dersom du har tilbakemeldingar og forslag til korleis vi kan vidareutvikle reiseplanleggaren.


 

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177