Praktisk informasjon

Gje tydeleg teikn
Hugs å gje teikn med handa til bussjåføren når du står på stoppestaden. Då oppfattar bussjåføren at du ønskjer å vere med bussen. I tillegg er det lurt å ha kort eller pengar klar.

Berekn nok tid for overgang
Skal du bytte linje under reisa, bør du berekne minst fem minuttar overgangstid pluss ev. gangtid mellom linjene. Ved fast korrespondanse kor føraren skal vente på ei bestemt linje, er dette ikkje nødvendig.

Barn på bussen
Vi anbefaler å følgje Barneombodet sitt råd når barn skal reise aleine. Hugs at det er dei føresette sitt ansvar når barn blir sende aleine med bussen. Råda frå Barneombodet finn du på www.barneombudet.no.

Bagasje
Du kan fritt ta med handbagasje med samla vekt på inntil 20 kg for kvar billett. Bagasjen må plasserast slik at den ikkje sjenerer andre reisande eller hindrar på- og avstiging. 

Du kan gratis ta med barnevogn, rullestol, ski og liknande dersom det er ledig plass.

Hund og sykkel med på bussen
Du kan ta med hund på bussen og det kostar det same som ein barnebillett, men maksimalt 40 kr. Førarhundar eller tenestehund reiser gratis.
Ved overgang til NOR-WAY Bussekspress gjeld eigne reglar. Les meir på www.nor-way.no

Syklar som kan demonterast eller leggast saman kan tas med  i bagasjerom. Andre syklar tas bare med på bussar med egna plassering, dersom det er ledig plass og sjåføren finn det forsvarleg. Sykkel med på buss vil koste det same som ein barnebillett, men maksimalt 40,- kroner.

Tryggleik
Vi prioriterer tryggleik høgt og ber deg derfor ta omsyn til følgjande råd:

• Bruk setebelte (påbydd) 
• Hald barn i handa når dei skal av og på bussen
• Set på bremsene på barnevogna (gjeld også rullator og rullestolar)
• Hald fast i lause gjenstandar (berepose, ryggsekk eller liknande)
• Bruk refleks når det er mørkt
• Ikkje gå over vegen før bussen har kjørt


Skyss ønskjer deg ein god tur!

 

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177