Om buss

Skyss planlegg rutestruktur for busstrafikken i heile fylket og ansvar for billettsystem, marknadsføring, ruteinformasjon og kundesenter.

Sjølve busskøyringa er konkurranseutsett. Trafikkselskapa konkurrerer om å utføre køyringa i dei ulike ruteområda. Skyss handsamar anbodskonkurransane, tildeler kontraktar og følgjer opp kvaliteten på tilbodet.

Trafikkselskapa si oppgåve er å bringe dei reisande frå A til B. Trafikkselskapa kjøper inn og eig bussane, har arbeidsgjevaransvar for sjåførane og utarbeidar skiftplanar.

Hordaland er delt inn i ti ruteområde, der desse trafikkselskapa har kontrakt på busskøyringa:

Austevoll Tide Buss (01. 01.2008–31.12.2012)
Sunnhordland Nobina (01.07.2008–01.07.2015)
Hardanger og Voss Tide Buss (16.08.2008–15.08.2015)
Modalen/Eksingedalen Modalen Eksingedalen Billag
(16.08.2008–15.08.2015)
Nordhordland Nobina (16.08.2009–15.08.2016)
Bergen Sør (inkl. Os) Tide Buss (16.08.2010–30.04.2017)
Osterøy Tide Buss (01.03.2011–28.02.2018)
Bergen Nord Tide Buss (01.10.2011–30.09.2018)
Bergen Sentrum Tide Buss (01.12.2011–30.11.2018)
Vest (Sotra/Øygarden/Askøy) Nettbuss (25.06.2012–24.06.2019)

Nye anbodskonkurransar vert utlyste i god tid før kontraktane går ut.

Ruteområda er blitt konkurranseutsette etter tur sidan 2008. Det siste området som enno ikkje er anbodsområde, er Vest (Sotra/Øygarden/Askøy). Fram til anbodskontrakten med Nettbuss startar opp sommaren 2012, har Skyss tilsyn med ruteområdet. Det er Tide Buss AS som køyrer bussane.

Skyss har ikkje ansvar for Flybussen, NOR-WAY Bussekspress (Øst-VestXpressen, Haukeliekspressen, Kystbussen, Fjordekspressen, Sognebussen) eller Bus4You sine ruter i fylket, som alle er kommersielle ruter.

Skyss har heller ikkje ansvar for togtrafikken eller for Fløibanen.

 

Reiseplanleggar

Frå:
Til:
Dato:
Klikk for å velge dato 
Tid:
 
 
Skyss | 177