Hopp til hovedinnald

Kap. 1 – Reisande

§ 1 Kven gjeld vilkåra for

Transportvilkåra gjeld som avtale mellom Hordaland Fylkeskommune v/ Skyss (heretter Skyss) og kvar enkelt reisande. Alle som ferdast med buss, bane og båt* som vert operert på kontrakt for Skyss, vert rekna som reisande. Transportvilkåra gjeld også for alle som oppheld seg på tilhøyrande terminalar/haldeplassar, og kaier.

* Gjeld båtsamband kor Skyss har marknadsansvaret. Per 01.01.2014 gjeld dette sambanda Kleppestø-Strandkaien, Bergen-Knarvik, Austevollsruta, Sunnhordlandsruta.

§ 2 På- og avstiging/ferdsel på terminalar/haldeplassar og kaier

2a) For buss: På- og avstiging skal berre gå føre seg på fastsette haldeplassar. Dersom det er tryggingsmessig forsvarleg og i tråd med trafikkreglane, kan bussane unntaksvis også stoppe utanom dei faste stoppestadene.

2b) For Bybanen: På- eller avstiging er ikkje tillate mens banen er i fart eller har ein kort stopp utanfor haldeplass, ved eit kryssingsspor, ventar på signal eller liknande. Det er heller ikkje tillate å opne utgangsdørene mens banen er i fart eller når banen stoppar utanfor haldeplass. Det er forbode å ferdast i togsporet og å krysse spora på stader som ikkje er berekna på publikum. Det er også forbode å ferdast med rullebrett og rulleskøytar på terminalar/haldeplassar.

2c) For båt: På- og avstiging skal berre gå føre seg på fastsette kaier.

Kap. 2 - Billettar og kontroll

§ 3 Billettar

Rett til transport får ein ved å inneha gyldig billett og eventuell dokumentasjon ved krav på rabatt i samsvar med gjeldande «Reglement for prisar og rabattordningar». Dette reglementet er tilgjengeleg på nettstaden skyss.no og på Skyss kundesenter. Den reisande skal løyse billett før eller ved påstiging, og er sjølv ansvarleg for å inneha gyldig billett under heile reisa. Det er den reisandes ansvar å ha tilgjengeleg aksepterte betalingsmidlar ved kjøp av billett. Den reisande må sjølv kontrollere at han/ho har fått rett billett og vekslepengar. Eventuell klage på billett eller veksling må skje straks.

Billett og eventuell dokumentasjon ved krav på rabatt skal oppbevarast under heile reisa og skal visast til føraren eller kontrolløren på førespurnad. Den reisande sitt ansvar for å ha gyldig billett fell bort dersom det av tekniske årsaker ikkje er mogleg å skaffe seg gyldig billett. Kva som er gyldig billett og dokumentasjon ved krav på rabatt går fram av gjeldande reglement for prisar og rabattordningar.

§ 4 Tilleggstakst og kontroll av reisebevis

Billettkontrollørar (eige personale/førarar) har rett til å kontrollere billettar. Billettkontrollen kan utførast av både uniformert og sivilt personale. Kontrollpersonalet skal legitimere seg uoppmoda.

Reisande som ved kontroll ikkje kan vise gyldig billett og gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt, pliktar å betale tilleggstakst. Dette gjeld òg dersom den reisande ønskjer å avbryte reisa. Tilleggstakst kan òg krevjast av mindreårige som har fylt 15 år.

Tilleggsavgifta er særskilt godkjent av Samferdselsdepartementet og kan betalast på staden eller seinare med faktura. Dersom den blir betalt på staden, er tilleggstaksten kr. 950. Betalt tilleggstakst gjev rett til å fortsetje reisa på same vilkår som for ordinær enkeltbillett.

Reisande som vert ilagde tilleggstakst og som ikkje betaler på staden, skal oppgje korrekt namn, adresse og fødselsdato og vente på verifisering av identitetsopplysningane slik at Skyss seinare kan inndrive tilleggsavgifta ved bruk av faktura. Ved faktura er tilleggstaksten kr. 1150. For barn og ungdom under 18 år er gebyret kr 950, uavhengig av oppgjersform. Reisande som ikkje betaler tilleggsavgiftsbillett på staden, har ikkje rett til å fortsetje reisa. Manglande innbetaling av giro vil bli følgt opp med purring, og om nødvendig innkravd ved inkasso. Dette gjeld òg for mindreårige over 15 år, som likevel ikkje vil vere ansvarlege for innkrevjingskostnadene i samband med inkasso. Ved manglande innbetaling vil dei føresette bli orienterte om saka.

Billettar som vert misbrukte eller som den reisande prøver å misbruke, vil bli sperra og kan inndragast av førar eller kontrollør mot kvittering. Forfalsking av billettar medfører eit gebyr på kr 1500, og eventuelt melding til politiet for dokumentforfalsking. Reisande som nektar å betale tilleggsavgifta, kan meldast til politiet, jf. straffelova § 403.

§ 5 Å halde tilbake reisande utan gyldig billett og dokumentasjon ved krav på rabatt

Skyss sine kontrollørar kan halde tilbake reisande når vedkomande

  • ikkje viser fram gyldig billett eller ikkje viser fram gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt,
  • ikkje betaler tilleggsavgift på staden, og
  • ikkje oppgjev korrekt namn, adresse og fødselsdato.

Den reisande kan haldast tilbake inntil vedkomande oppgjev korrekt namn, adresse og fødselsdato. Ein kan også halde tilbake den reisande mens opplysningane vedkomande gir, blir verifiserte. Dersom den reisande likevel betaler tilleggsavgift, skal ein ikkje
halde han eller ho tilbake lenger. Ein skal ikkje halde tilbake reisande dersom dette etter omstenda vil vere eit urimeleg inngrep. Personar under 15 år kan berre haldast tilbake i samråd med politiet.

Kap. 3 - Framferd

§ 6 Framferd

Reisande pliktar å ta omsyn til andre reisande og innrette seg etter vanlege tryggingsreglar. Det er ikkje lov å uroe føraren. Setebelte og anna sikringsutstyr skal nyttast der dette er tilgjengeleg.

Reisande må ikkje plassere seg slik at dei hindrar utsynet til føraren. På transportmiddel med automatiske dører må dei reisande ikkje stå slik at dei hindrar lukking/opning.

Alle reisande må rette seg etter dei påbod som vert gitt ved oppslag eller av personalet/førar.

§ 7 Røyking og rusmiddel

Røyking og inntak av alkoholhaldige drikkevarer eller andre rusmiddel er forbode på transportmiddel. Brot på denne regelen fører til bortvisning frå transportmiddel.

§ 8 Uro

Førar eller anna betjening kan nekte å ta med reisande som er synleg påverka av rusmiddel, eller som på anna vis oppfører seg på ein måte som kan medkome ulempe eller ubehag for dei andre reisande. Reisande som opptrer usømmeleg, eller som på anna vis sjenerer dei andre reisande, kan visast bort frå transportmiddel og terminal/haldeplass/kai.

§ 9 Ansvarsreglar for den reisande

Skade som den reisande påfører transportmiddel eller innreiing, skal erstattast etter vanlege erstatningsreglar.

Kap. 4 - Reisegods

§ 10 Handbagasje

Kvar reisande kan vederlagsfritt ta med lett handterlege gjenstandar (handbagasje) dersom dette ikkje skjer til fortrengsle for andre reisande. Bagasjen må plasserast slik at den ikkje sjenerer dei reisande eller hindrar på- og avstiging. Brannfarlege og eksplosive stoff og anna bagasje som anten inneberer ein tryggleiksrisiko eller sjenerar dei reisande, kan ein ikkje ta med inn på transportmiddelet. Våpen kan takast med etter gjeldande reglar i våpenloven.

Gjeldande reglement for prisar og rabattordningar fastset kva den reisande må betale for.

§ 11 Barnevogner og syklar

Barnevogner kan takast med i den grad det er plass, og skal plasserast slik skilt, førar eller anna personale viser. Barnevogner må sikrast eller plasserast slik at dei ikkje fell over ende.

Syklar kan berre takast med så langt plassen rekk og det framstår som forsvarleg. Samanleggbar sykkel vert rekna som handbagasje Det er i alle tilfelle personale/førar som avgjer om det er plass.

§ 12 Dyr

Personale/førar av transportmiddel har ikkje plikt til å ta med levande dyr utanom førarhund og politihund. Dersom det er plass på transportmiddelet og dyret ikkje er til sjenanse for dei andre reisande kan dyret takast med. Dyr skal sikrast i band eller bur under transporten og må ikkje hindre fri passasje. Dyr som er aggressive eller sjenerer dei reisande på anna vis, kan bli sett av under transporten.

§ 13 Frakt for gods

Frakt av gods må avtalast særskilt med operatør av transportmiddel.

§ 14 Ansvar og erstatning for tap av eller skade på bagasje og/eller person

Den reisande må sørgje for at ski, syklar, dyr, barnevogner og liknande vert plassert/oppbevart forsvarleg om bord i transportmiddelet.

Skyss og transportøren er ikkje ansvarleg for tap av eller skade på barnevogner
og gjenstandar som vert tekne med som handbagasje etter § 10, med mindre det kan påvisast aktløyse frå betjeninga si side. Elles er Skyss og transportøren sitt ansvar regulert av bilansvarsloven av 3. februar 1961 kva gjeld bussreiser, jernbaneansvarsloven av 10. juni 1977 nr 73 kva gjeld reiser med Bybanen og sjøloven 24. juni 1994 nr. 39 for reiser med båt.

§ 15 Hittegods

Attgløymde saker i transportmiddel skal snarast mogleg leverast til personalet/førar. Hittegods vert oppbevart av transportøren eller Skyss i tre månader. Dette gjeld likevel ikkje matprodukt og liknande. Dersom eigaren ikkje melder seg etter tre månader og beviser si eigerett, skal verdigjenstandar overleverast til politiet. Andre gjenstandar vert kasta eller gitt vekk. Mobiltelefonar, pc-ar og andre gjenstandar som kan innehalde sensitive personopplysningar vert destruert.

Kap. 5 - Ansvar og erstatning

§ 16 Skyss sitt ansvar ved forseinkingar og innstillingar

Skyss skal så langt det er mogleg informere passasjerane om innstillingar, forseinkingar og anna som hindrar drifta.

Dersom ei rute er forseinka eller vert innstilt eller avbroten undervegs, skal transportør ut frå føresetnadene i det aktuelle tilfellet sørgje for alternativ transport innan rimeleg tid. Kva som er å sjå på som «innan rimeleg tid», må vurderast i kvart enkelt tilfelle.
Dersom Skyss ikkje kan by alternativ transport, og/eller dersom den reisande blir meir enn 20 minutt for sein, vil Skyss refundere dokumenterte utlegg innanfor dei til ein kvar tid gjeldande reglar og satsar. Informasjon om dette er tilgjengeleg på skyss.no, i brosjyre og på Skyss kundesenter.
Skyss sitt ansvar gjeld ikkje dersom avviket er annonsert på førehand eller årsaka til forseinkinga/innstillinga ligg utanfor Skyss sin kontroll.

Kap. 6 - Klager

§ 17 Klager

Eventuelle klager på Skyss, transportør, personale, førar eller avvikling av ruta må rettast til Skyss. Dette gjeld også klager på mottatt tilleggstakst og inndregne billett i samsvar med § 4.

Den reisande kan kontakte Skyss anten via kontaktskjema på skyss.no eller per post til adressa Postboks 7900, 5020 Bergen.