Vegvisar til reiseprodukt
Skysskortet er eit elektronisk reisekort som kan innehalde fleire reiseprodukt.
Skysskortet finst som både personleg og anonymt kort. Denne vegvisaren skal hjelpe
deg til å finne det reiseproduktet som passer best for deg.
I tillegg kan du ha KontantSkyss på Skysskortet ditt.
Dette er ein "konto" som gir 17 % rabatt på ordinær pris for EnkeltSkyss.
Det blir ikkje gitt ytterligare rabatt på produkt som allereie er rabatterte.
Innskot på KontantSkyss er minimum 200,-, maksimum verdi er 1500,-.
Svar på dei følgjande spørsmåla, og du vil få ei anbefaling frå oss.