Ny ordning for bestilling av plass til køyretøy på båt i Sogn og Fjordane
Skal du ha med køyretøy på reiser med båt frå og med 1. mai, må du ringe inn di bestilling.
Skal du ha med køyretøy på reiser med båt frå og med 1. mai, må du ringe inn di bestilling.
På nokre båtruter i Sogn og Fjordane kan du ha med bil eller anna køyretøy. Det er avgrensa plass til køyretøy, og du må difor bestille plass på førehand. Du kan bestille plass inntil 4 veker før avgangen. Når du skal ha med bil, må du møte på kaia 10 minutt før avgang for å ikkje miste plassen.
- Du bestiller plass ved å ringe telefon 94 83 86 99.
- Du kan ringe mellom klokka 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Hugs at du må avbestille plass som du ikkje skal bruke. Ring då same telefonnummer.
Dette gjeld følgande samband:
- 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)
- 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest)
- 1190 Ortnevik-Måren-Nordeide
- 1190 Vik-Ortnevik
Publisert:
Oppdatert: