Hopp til hovedinnald

Skyss er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk. Vi står bak det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke, og vi vidareutviklar mobilitetstenester. Vi er stolte av å vere ein av landets leiande mobilitetsaktørar. Skyss går i tet med å ta i bruk ny teknologi for meir berekraftig mobilitet.

Vi har om lag 100 engasjerte tilsette med bakgrunn frå mellom anna juss, økonomi, pedagogikk, marknadsføring, leiing, rådgiving, statsvitskap, geografi, ingeniørfag og informatikk. Dette gir oss kunnskapsrike team med brei kompetanse, og mykje tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.

Ledige stillingar i Skyss

Faggruppeleiar - drift og forvaltning mobilitetsteknologi

Skyss har ledig ei fast stilling som faggruppeleiar for drift og forvaltning av mobilitetsteknologi. Vi ser etter deg som har brei fagleg interesse og erfaring innan leiing, service management og kontinuerleg forbetring og effektivisering. Du trivst i ein hektisk kvardag og klarer å jobbe sjølvstendig, men du er òg ein som på inkluderande vis leiar medarbeidarane dine mot felles mål.

Les meir og søk på stillinga her (webcruiter.no).

 Søknadsfrist: 20.05.2024