Hopp til hovedinnald

Kortet gir 17 prosent rabatt på båtbillettar over minstetakst i Sogn og Fjordane, og gjeld for billettar til vaksen eller barn.

Verdikortet kan ikkje brukast ved betaling for bil på båt, eller på reiser med ferje. 

Slik kjøper du verdikort for båt
Du kjøper Kringom verdikort direkte hos billettøren på båten. Verdikortet må fyllast på med minimum 300 kroner kvar gong.

Pant og refusjon
Når du kjøper verdikort første gong, betaler du 100 koner i pant for kortet. Når du ikkje skal bruke kortet meir, kan du få panten refundert så lenge kortet er i orden. For pant og refusjon kontaktar du operatøren som selde deg kortet.

Verdikort på buss i Sogn og Fjordane
Du får ikkje rabatt når du bruker Kringom verdikort på reiser med buss i Sogn og Fjordane. Dersom du har pengar igjen på verdikortet, kan du få dei refundert eller bruke dei til å kjøpe billett om bord på bussen i Sogn og Fjordane til ordinær pris. Les meir her.

Verdikort på båtar i Florabassenget og på Kaupanger kai-Frønningen
Du kan ikkje bruke Kringom verdikort på følgande båtruter

  • Florø - Askrova - Stavang - Svanøy (Florabassenget sør)
  • Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg - Kinn (Florabassenget nord og vest)
  • Kaupanger kai - Frønningen

 

Takk for at du hjelper oss å bli betre!

Fann du det du leita etter?

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.