Hopp til hovedinnald

Slik kjøper du 30-dagarsbillett for båt i Sogn og Fjordane

Du kan kjøpe 30-dagarsbillett i appen Skyss Billett eller i nettbutikken . For å kjøpe periodebillett i nettbutikken, må du ha Skysskort.  

Du finn informasjon om 30-dagars Kringom periodekort nedst på denne sida.

Om periodebillett i app og nettbutikk

  • Når du har kjøpt billett i appen Skyss Billett eller i nettbutikken, viser du billetten til mannskapet når du går om bord.
  • Periodebilletten du kjøper i appen Skyss Billett eller i nettbutikken er upersonleg og kan brukast av andre, men den kan berre brukast av ein person om gongen. Hugs at den som brukar periodebilletten alltid må oppfylle krav til alder og rabatt, for eksempel kan ikkje du som er vaksen reise med ein periodebillett som gjeld for barn.
  • For å låne vekk billettar kjøpt i appen Skyss Billett, må du fysisk låne vekk telefonen din. For å låne vekk ein billett du har på Skysskort, må du låne vekk Skysskortet.
  • Periodebilletten er gyldig i 30 dagar, og gjeld frå klokkeslett til klokkeslett.
  • Du kan reise så mykje du vil i perioden på den strekninga du har kjøpt billett for.
  • Du kan bruke billetten så lenge du går om bord på transportmiddel i rute mens billetten er gyldig.
  • Du kan få refusjon for ubrukte periodebillettar som er kjøpt i appen Skyss Billett og nettbutikken. Her finn du refusjonsskjema.

Kringom periodekort

Vi anbefaler at du kjøper periodebilletten din i app eller nettbutikk, men dersom du ønsker det kan du framleis kjøpe periodekort om bord. 

Med 30-dagers Kringom periodekort for båt kan du reise så mykje du vil på ei bestemt strekning i Sogn og Fjordane. Kringom periodekort er personleg, og gjeld for ein vaksen eller eit barn.

Du får periodekort ved å kontakte båtselskapet som køyrer ruta du skal reise med. Når du har fått periodekortet, kjøper du billett for ein 30-dagars periode om bord i båten. Du må vise legitimasjon når du skal kjøpe ny periode.

Dersom du ønsker Kringom periodekort, finn du informasjon under om kven du skal kontakte.

Båtruter i Måløy, Florø og Sogn

Kontakt operatøren Norled eller bestill periodekort ved å fylle ut skjemaet her. Dette gjeld følgande båtruter

  • Måløy-Gangsøy-Risøy
  • Måløy-Silda
  • Måløy-Smørhamn-Florø (Kystvegekspressen)
  • Vik-Ortnevik
  • Ortnevik-Måren-Nordeide

Her finn du informasjon om periodebillett for båtane i Florabassenget og Kaupanger kai-Frønningen.

Båtruter i Gulen og Solund
Kontakt mannskapet på båten eller operatøren Vidar Hop Skyssbåter As. Dette gjeld følgande båtruter

  • Eivindvik-Mjømna-Mastrevik-Nåra
  • Gåsvær-Midtre Solund-Hardbakke
  • Hardbakke-Kolgrov-Utvær
  • Hardbakke-Nåra-Mjømna
  • Nord-Solund (Hersvik - Saltskår)

Pant og refusjon
Når du kjøper periodekort for båt i Sogn og Fjordane for første gong, betaler du 100 kr i pant for kortet. Når du ikkje skal bruke kortet meir, kan du få panten refundert så lenge kortet er i orden. Kontakt båtselskapet du kjøpte kortet hos for refusjon. Dersom du ikkje får brukt periodebilletten du har på Kringom periodekort, kan du be om refusjon hos operatør.

Takk for at du hjelper oss å bli betre!

Fann du det du leita etter?

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.